torsdag 26. mars 2009

Web 2.0-verktøy med pedagogisk potensiale.

Mange web 2.0 verktøy har pedagogisk potensiale, og kan med fordel brukast i undervisning. Eg skal no sjå nærare på nokre av desse, og reflektere kort over om dei egner seg til bruk i skulen.

YouTube er ein brukarbasert nettstad. Her kan kven som helst legge ut videoar, enten eigenproduserte eller andre videoar. I skulesamanheng må ein vere kritisk til korleis ein tek i bruk YouTube. Eg har sjølv brukt det mykje i undervisninga. Eg har brukt korte snuttar med innhald frå ulike land i geografiundervisninga og eg har brukt musikkvideoar i musikkundervisninga. Eg har vore forsiktig med å sleppe elevane laus heilt på eiga hand med å søke på YouTube, då denne tenesta ofte gjev mange treff som ikkje er passande. GoogleVideo`s har eg lite erfaring med, men det fungerer i utgangspunktet på same måte som YouTube, men med færre videoar utlagt.

Mindomo tankekart kjenner eg til, etter å ha lært om det i studiet, men eg har ikkje teke det i bruk med elevar. Det er likevel eit program som egner seg godt til bruk, og kanskje særleg på ungdomstrinnet og oppover.

Flickr og Picasa er nettbaserte album, der brukarane kan legge ut sine eigne bilete. Ein kan velje om albuma skal vere offentlege eller private. I offentlege album kan alle søke, og ein finn ofte andre typar bilete her enn dei ein finn i dei ordinære søkemotorane. Dette er nettstader elevane kan bruke til å finne bilete, eg hadde vore forsiktig med å late elevane legge ut bilete sjølve.

Når det gjeld tekstproduksjon på nett har eg litt erfaring med blogg og GoogleDocs. Eg har ikkje brukt noko av dette saman med elevane...enno. GoogleDocs hadde vore spanande å ta i bruk, slik at elevane kan drive samskriving i dokument, og arbeide med dei same dokumenta heime og på skulen. Elevar kan godt skrive sine eigne bloggar på nett også, men eg hadde vore forsiktig med å la elevane offentleggjere desse bloggane. Der er muligheter for at elevane kan velge ut kven som får tilgang til å lese bloggen deira. Dersom elevane skal la ein blogg vere offentleg tilgjengeleg bør det etablerast klare rutiner for kva som kan skrivast om og kva som kan publiserast. Men det er nok svært motiverande for mange elevar (ungdomsskule og vgs.) å få skrive i ein blogg, der dei kan utforme bloggen slik dei vil sjølve, og der det kan vere mange ulike mottakarar.

Av dei sosiale nettverka kjenner eg best til Facebook og MySpace. Eg ser ikkje at desse skal ha særleg nytteverdi i skulen.

Mange av desse web 2.0-verktøya kan ein ha god nytte av i skulen, og ofte er dei også svært brukervennlege. Eg har hatt "mine" elevar på 6.trinn i tankane når eg har vurdert om dette er verktøy som egner seg til bruk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar