torsdag 26. mars 2009

Web 2.0-verktøy med pedagogisk potensiale.

Mange web 2.0 verktøy har pedagogisk potensiale, og kan med fordel brukast i undervisning. Eg skal no sjå nærare på nokre av desse, og reflektere kort over om dei egner seg til bruk i skulen.

YouTube er ein brukarbasert nettstad. Her kan kven som helst legge ut videoar, enten eigenproduserte eller andre videoar. I skulesamanheng må ein vere kritisk til korleis ein tek i bruk YouTube. Eg har sjølv brukt det mykje i undervisninga. Eg har brukt korte snuttar med innhald frå ulike land i geografiundervisninga og eg har brukt musikkvideoar i musikkundervisninga. Eg har vore forsiktig med å sleppe elevane laus heilt på eiga hand med å søke på YouTube, då denne tenesta ofte gjev mange treff som ikkje er passande. GoogleVideo`s har eg lite erfaring med, men det fungerer i utgangspunktet på same måte som YouTube, men med færre videoar utlagt.

Mindomo tankekart kjenner eg til, etter å ha lært om det i studiet, men eg har ikkje teke det i bruk med elevar. Det er likevel eit program som egner seg godt til bruk, og kanskje særleg på ungdomstrinnet og oppover.

Flickr og Picasa er nettbaserte album, der brukarane kan legge ut sine eigne bilete. Ein kan velje om albuma skal vere offentlege eller private. I offentlege album kan alle søke, og ein finn ofte andre typar bilete her enn dei ein finn i dei ordinære søkemotorane. Dette er nettstader elevane kan bruke til å finne bilete, eg hadde vore forsiktig med å late elevane legge ut bilete sjølve.

Når det gjeld tekstproduksjon på nett har eg litt erfaring med blogg og GoogleDocs. Eg har ikkje brukt noko av dette saman med elevane...enno. GoogleDocs hadde vore spanande å ta i bruk, slik at elevane kan drive samskriving i dokument, og arbeide med dei same dokumenta heime og på skulen. Elevar kan godt skrive sine eigne bloggar på nett også, men eg hadde vore forsiktig med å la elevane offentleggjere desse bloggane. Der er muligheter for at elevane kan velge ut kven som får tilgang til å lese bloggen deira. Dersom elevane skal la ein blogg vere offentleg tilgjengeleg bør det etablerast klare rutiner for kva som kan skrivast om og kva som kan publiserast. Men det er nok svært motiverande for mange elevar (ungdomsskule og vgs.) å få skrive i ein blogg, der dei kan utforme bloggen slik dei vil sjølve, og der det kan vere mange ulike mottakarar.

Av dei sosiale nettverka kjenner eg best til Facebook og MySpace. Eg ser ikkje at desse skal ha særleg nytteverdi i skulen.

Mange av desse web 2.0-verktøya kan ein ha god nytte av i skulen, og ofte er dei også svært brukervennlege. Eg har hatt "mine" elevar på 6.trinn i tankane når eg har vurdert om dette er verktøy som egner seg til bruk.

tirsdag 10. mars 2009

Bridge construction set.

Bridge construction set er eit artig spel som verkeleg får deg til å måtte tenke. Irriterande avhengighetsskapande også. Når ein først starter å bygge, må ein jo berre få det til. Dei to første nivåa gjekk greit, men eg pusla ei lita stund med nivå 3 før eg fekk eit resultat eg blei fornøyd med.



Denne brua kosta 6911.


Etter å ha halde på med nivå 3, måtte eg sjølvsagt prøve meg på nivå 4 også.


Nivå 4 brua kosta 4060.


Det siste nivået som er med i demoen er nivå 5, og eg fekk denne også til å fungere, utan "broken links", men den svaier bra i vinden...

Denne brua kosta 10114.

Eg har late elevar teste dette spelet, og satte det opp med smartboard og projektor. Elevane arbeidde på grupper, og hadde konkurranse om kven som klarte å bygge den billegaste brua. No viste det seg at det kun var ei gruppe som klarte å bygge ei bru som ikkje rasa saman. Elevane likte denne oppgåva svært godt, og mange ville laste ned spelet heime.

I læreplanen er det eit kompetansemål etter 7. trinn i matematikk at elevane skal kunne bygge tredimensjonale modellar, og dette spelet kan brukast som eit element i å nå dette kompeatansemålet.

tirsdag 3. mars 2009

Comic life.



Programmet "Comic life" har vore eit morosamt bekjentskap. Her kan ein svært enkelt lage teikneseriar av eigne bilete ein har lagra på pc'en. Eg har laga eit eksempel her, der eg har brukt clip-art bilete som eg har funne gratis på internett.

Klassa eg har (6. trinn) held akkurat no på med teikneseriar som tema i norsk, og eg har lyst å ta i bruk dette programmet saman med dei. Dersom eg vel å bruke det, kjem eg til å la elevane gjere slik som eg har gjort i eksempelet, finne gratis clip-art som dei kan bruke. Eg har frå tidlegare dårleg erfaring med å late elevane bruke bilete til dømes av seg sjølve eller av medelevar. Det vil alltid vere nokon som vil føle seg støtt av det som blir laga, og nokon som går over grensene for det lærar tillet av morsomheter på andre si bekostning.

Eit anna problem eg ser med å bruke dette programmet er at det i utgangspunktet er eit betalingsprogram. Eg kjem i så fall til å bruke den gratis prøveversjonen i første omgang, slik at vi heller kan drøfte på skulen om dette er noko vi vil betale for etter at det er prøvd ut på ei klasse.

Comic life egner seg godt for bruk på mellomtrinnet, og i Kunnskapsløftet finn vi blant anna desse kompetansemåla som dette programmet er med på å dekke:

Kompetansemål etter 7. trinn i norsk.

Skriftlege tekster.
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • bruke digitale skriveverktøy i skriveprosesser og i produksjon av intersktive tekster.
  • eksperimentere med ulike språkvarianter i egen skriving på bokmål og nynorsk, dialekt og gruppespråk.

Sammensatte tekster.

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne

  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy.

Kompetansemål etter 7. trnn i kunst og handverk.

Visuell kommunikasjon.

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne

  • lage tegneserier og redegjøre for sammenhenger mellom tegneserier og film
  • fotografere og manipulere bilder digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt