tirsdag 14. april 2009

Bruk av filter ved internettbruk på skulen.

MAnge skular brukar filter på internett, for å hindre elevar tilgang til sider med upassande materiale. Dette for å vere med på å sikre trygg bruk av nett i skuletida. Det er ikkje alt som kan filtrerast bort, og det er difor viktig at ein i tillegg til å lage tekninske filter sørger for å lære elevane ein del etiske reglar for korleis dei trygt kan bruke internett. JAn Arve Overland skriv dette i ein artikkel på internett:

Nettet er en tomleplass for ulike interesser, akkurat som i den fysiske verden. Og akkurat
som i den fysiske verden finnes det mennesker som vil manipulere, lyge og legge til rette -
eller som helt enkelt ikke har korrekt informasjon. Vi kan selvsagt velge å stenge elevene ute
fra denne virkeligheten på ulike måter ved hjelp av tekninske filter osv., eller vi kan lage
etiske regler for hvordan elevene skal forholde seg til internett.

Å ha eit filter på skule pc'ar er nok lurt, då det kan hindre truslar som er på enkelte internett-sider (til dømes virus, ormer, trojanere og spionprogrammer). Sjølv med filter på skule pc'ar, må skulen ta ansvar for, saman med foreldra, å lære barna etiske reglar for bruk av nettet.

Rapporten "Enhancing Child Safety and online Technologies" slår fast at det oftast er dei barn og unge som aktivt søkjer det som kjem ut for upassande sider på nettet. Det er sjeldan elevar kjem ut for upassande materiale dersom dei held seg til dei oppgåvene dei skal gjere. Lærar kan og styre dette ein del ved på førehand ha leita opp aktuelle lenkjer eller laga informasjonsnav som elevane bruker som startside.

Sjølv om skulane har god nytte av tekniske filter, er konklusjonen at det viktigaste filteret er det som blir installert inne i elevane.