onsdag 21. januar 2009

Bruk av sosial web i skulen.

I kor stor grad ein skal ta i bruk sosial web i skulen er ei problemstilling som kan vinklast på ulike måtar. Den britiske forskaren Neil Selwyn er kritisk til bruk av sosial web i skulen, medan antropologen og assistentprofessoren Michael Wesch er åpen for å prøve det ut for å betre læringa.

Neil Selwyn meiner det er vanskeleg å finne formell læring i sosial web, og at det er eit stort gap mellom aktivitetane i formell undervisning og sosial web. Han legg vekt på at det er forskjell mellom skule og fritid, og at det er stor sannsynlighet for at mange elevar er kritiske til å ta i bruk sosial web i skulen. Facebook er til dømes noko mange er vane med å bruke i fritida, og å få til ein overgang til at dette skal brukast fagleg vil for mange vere ein høg terskel å trå over. Neil Selwyn stiller spørsmålet om sosial web er eit meir nyttig verktøy enn andre læringsverktøy.

Michael Wesch saknar meininga i utdanninga. For mange er det viktigare å få ein god karakter enn det faktisk er å sitje att med kunnskap. Han saknar aktive studentar, som får medvirke i det dei sjølve skal lære, og han ønskjer at skulen skal vere meir tilpassa elevane. Eit av momenta her kan vere å drage inn det som elevane er interesserte i, til dømes sosial web. Kan dette vere ein arena der elevane si kritiske tenking kan kome meir til sin rett? Wesch meiner at det tradisjonelle klasserommet ikkje inspirerer til dialog og kritisk tenking. Wesch seier at den digitale arenaen kan vere ein måte å bidra til læring på, men det er ikkje ein grunn til å lære i seg sjølv. Han held fast på at elevane må forstå at dei er ein viktig part i å skape framtida, før problemet med meining i det dei sjølve gjer er borte.

I forhold til bruk av sosial web i skulen, er dette to interessante synspunkt. Selwyn ser problemet med å få dette til å fungere som noko anna enn ein sosial arena, og problematiserer om det eigentleg bidreg til auka læring. Wesch på si side sakanar det som skal gje meining for elevar, og peiker i så måe på sosial web som noko som kan vere med å bidra positivt. Bruk av digitale hjelpemiddel er svært sentralt i norsk skule, og sosial web bør også kunne brukast som element i enkelte fag. I engelsk bør ein kunne ta i bruk til dømes ePals eller eTwinning for å få kontakt med andre rundt om på kloden, og på denne måten utvikle språket sitt. I forhold til norskfaget kan ein meir dialogisk ta i bruk språket, og skifte mellom å vere lesar og skrivar, nåe ein til dømes responderer på kvarandre sine tekstar. Ein kan legge inn hyperlenker som synleggjer forbindelser til andre tekster. Spørsmålet er heile tida om dette gjev meirverdi i forhold til anna undervisning. Der krev også god tilrettelegging frå lærar, og ein må sjølsagt vurdere elevane si modning og alder i forhold til kva slags programvare ein tek i bruk.

Kjelder:
Harboe, L. (2007) Norskboka.no - digitale verktøy i norskfaget. Oslo, Universitetsforlaget.

Andre kjelder:
http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04
http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar